Fjordsafari Norway AS er ei aktivitetsbedrift som tilbyr unike opplevingar i hjarta av Fjord-Noreg. Me er lokalisert i Flåm - ein av Noregs viktigaste reiselivsdestinasjonar med attraksjonar som Nærøyfjorden på UNESCO-lista, Flåmsbana, Rallarvegen og Aurlandsdalen.

Med vårt slagord GET CLOSER TO NATURE gir me gjestene våre unike, guida naturbaserte opplevingar i nærområdet. Me har eit mangfald av produkt frå fjord til fjell, sumar som vinter. Med våre RIB/RBB-båtar tek me gjestene med på guida FjordSafari turar 365 dagar i året. Me tilbyr vandreturar med natur, kultur og lokale smakar. Me har halvdagsturar og skreddarsydde aktivitetar for individuelle og grupper. På vinteren tek me òg i bruk truger for å gi unike opplevingar med utsikt over fjord og fjell.

Fjordsafari Norway AS har 14 faste heilårstilsette og rundt 25 sesongtilsette. No vil me ha deg med på laget!