Masfjorden kulturskule er ein svært viktig del av kulturlivet i kommunen, og har eit personale med høg kunstfagleg kompetanse. Kulturskulen har om lag 130 elevplassar og yter i tillegg tenester til lokale kor og korps. Kulturskulen tilbyr undervisning innan kunstformene musikk, visuell kunst, teater og musikkteknologi/studio

Undervisninga er desentralisert og lagt til dei tre grunnskulane i kommunen; Matre, Nordbygda og Sandnes.

Kulturskuleundervisninga finn stad etter grunnskulen sin undervisningsdag.