Transferd AS er eit leiande transport- og logistikkselskap, spesialisert i godstransport på veg. Vår kjerneverksemd fokuserer på effektiv levering av stykkgods, partigods og temperatursensitive matvarer.
Transferd er eit dotterselskap av Firda Billag AS, og har i dag hovudkontor i Førde, samt regionale avdelingskontor i Stryn og Kaupanger.
Vår visjon «Heile vegen med Transferd» er eit prinsipp som driv vår organisasjon framover og formar våre verdiar internt.
Er du klar for å sette ditt preg på framtidas transporttenester saman med oss?
Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn og kulturell bakgrunn.
Send inn CV og ein kort introduksjon av deg sjølv.