Vil du gjere ein forskjell for barn og unge som treng oss aller mest? 🌼
BUP Haugesund har ein 100% ledig stilling som psykologspesialist ved døgnposten. Stillinga er på dagtid, 37,5 t/veke og mogelegheit for fleksitid.
Her på BUP møter du barn og ungdom i krevjande livssituasjonar. Vårt oppdrag er å gi spesialisert behandling med høg kvalitet, i tett samarbeid med føresette og andre instansar.
Vi søkjer deg som vil vere med på laget vårt ved BUP døgnpost, som er delt inn i to fløyer med totalt 10 senger: Post Nord for barn frå 6 til 13 år og Post Sør for ungdom frå 12 til 18 år.
Døgnposten har akuttfunksjonar og betener heile Helse Fonna-regionen. Les meir om oss her: https://www.helse-fonna.no/avdelinger/bup-helse-fonna/om-bup/
Eininga er i gang med å implementere Blakstadmodellen for grunnleggjande miljøbehandling, og arbeider systematisk for å byggje ein felles fagleg praksis. Vi legg stor vekt på recovery-orientert tilnærming.
Hos oss jobbar allereie mange dyktige, rause og hyggjelege kollegaer. Vi veit at god behandling krev meir enn rett metode - det krev også varme, tålmod og evne til å sjå kvar enkelt. Hos oss blir du del av eit engasjert tverrfagleg team som støttar kvarandre, deler kunnskap og samarbeider tett.
Som psykolog vil du inngå i eit team saman med behandlarane på post, som omfattar psykologar, overleger og LIS 3-legar. Psykologane og psykologspesialistar fra døgnposten inngår også i faggruppa psykologar ved heile BUP Haugesund med tilhørande møter, samlingar, fagutvikling m.m.
Posten vil gjerne leggje til rette for fagutvikling. Har du interesse for dette, vil vi gjerne høyre frå deg.
👉 Søk no - vi ser fram til å høyre frå deg! Vil du vite meir? Ta kontakt på telefon eller e-post.
*Søkjarar utan spesialisering kan òg vurderast, men vil då berre vere aktuelle for vikariat
Vi ser etter deg som:
Vi legg vekt på personlege eigenskapar og korleis du kan utfylle det eksisterande teamet vårt.
Personleg framtoning, CV og referansar vil bli vurdert som ein del av heilskapsinntrykket i rekrutteringsprosessen.Hos oss får du:
Litt om oss:
Vi gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år). Opptaksområdet for poliklinikken dekker 10 kommunar (Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal).
Hos oss finner du poliklinikk, ungdomspsykiatrisk post og barnepsykiatrisk post. Døgnpost har akuttfunksjonar og dekker heile opptaksområdet til Helse Fonna. Poliklinikken er inndelt i 2 geografiske allmennpsykiatriske team.
BUP Haugesund er godkjent som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri.