Nav Øygarden søker engasjert og motivert medarbeidar til til avdeling arbeidsinkludering.
Nav Øygarden er lokalisert sentralt på Straume. Vi har omlag 80 tilsette som jobbar for å gje menneske moglegheiter. I avdeling arbeidsinkludering er det 25 tilsette som arbeider med personar over 30 år som har behov for bistand frå Nav for å komme seg tilbake i arbeid. Avdelinga består av 4 team, Jobbforberedelse, Jobbklar, SYFO og Stalege forvaltere. Den ledige stillinga er i teamet Jobbklar, der ein skal arbeide med personar som har gjennomført behandling og fått avklart helsa si slik at ein er klar for å orientere seg mot utdanning eller arbeid. Du vil bli del av ein trivelig og positiv gjeng med høgt engasjement!
Kva går jobben ut på?
- rettleie og motivere personar som treng bistand til å stå i eige arbeid og/eller finne ny arbeidsgivar, mellom anna kartleggje den einskilde sine ressursar og moglegheiter.
- vurdere og setje i verk tiltak som kan bidra til at brukar kjem i arbeid eller aukar arbeidsevna hos eigen arbeidsgivar
- drive tverrfagleg samarbeid i og utanfor Nav
- arbeidsretta og sosialfagleg oppfølging av personar over 30 år, med råd og rettleiing etter gjeldande regelverk
- dokumentere oppfølging og kontakt med samarbeidspartnarar
- ein har eigen portefølje på om lag 115–130 brukarar som ein skal motivere og rettleie mot utdanning eller arbeid
Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført utdanning på minimum bachelornivå eller universitet. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- erfaring frå rettleiings- og motiveringsarbeid
- gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på norsk
- gode digitale ferdigheiter
Det er ein fordel om du har
- erfaring med oppfølging av personar som har ulike helsemessige og sosiale utfordringar
- erfaring med eller kunnskap om arbeidsmarkedet og inkluderingsarbeid
- god kjennskap til Nav sine tenester
Kva vi ser etter hos deg?
- du er god på å byggje relasjonar og motivere
- du har god evne til sjølvleiing og er strukturert og effektiv
- du handterar å stå i endringar
- du er robust og klarer å jobbe tett på menneske som står i en krevjande livssituasjonar
Kvifor velje oss?
- ei meiningsfull stilling med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- fleksitidsordning med moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida
- god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskassetrening i arbeidstidamoglegheit for hjemmekontor
- fast stilling som rettleiar i stillingskode 1434 rådgiver med lønnsspenn frå kr. 622 000 til 660 000 per år. For særleg kvalifiserte kandidatar kan noko høgare lønn vurderast.
- gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Jannicke Bertelsen, Avdelingsleiar, 975 97 575,
[email protected]
Arbeidsstad
Grønamyrvegen 18
5353 Straume
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nav
Referansenr.: 5139354409
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.06.2026