Fjord1 har ledig stilling som matros i ressursgruppe for samband i Nord-Norge ft. MF Sulafjord.
Opplagskai er i Kjøpsvik. MF Sulafjord er f.t. reservefartøyet for MF Lote, MF Glutra og MF Fannefjord.
Turnus: sjøvaktsordning - 3 veker på, 3 veker av. Reise blir dekka.
Arbeidsoppgåver
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
Kvalifikasjonar
- Ferdigheitssertifikat matros
- Ferdigheitssertifikat HMOB
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- MES opplæring
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med tett samarbeid og har fokus på tryggleik og god service. Du bør ha vilje til å lære, stå på når det trengst og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Ein bur ombord i arbeidsperioden
- Sjøvakt 3 veker på, 3 veker av
- Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode
- Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheter,treningsstøtte, behandlingsordning og rabattordningar
Kontaktinformasjon
Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider,
[email protected]
Arbeidsstad
Drag-Kjøpsvik
8590 Kjøpsvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5140433735
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.06.2026