Veitastrond oppvekstsenter er ein kombinert barnehage og skule, som ligg idyllisk til ved enden av Veitastrondsvatnet. Oppvekstsenteret har ei unik plassering midt i bygda, omkransa av variert natur på alle kantar. Bygda har dei siste åra hatt ei svært positiv utvikling og ber preg av eit ungt, framtidsretta miljø med godt samhald på tvers av ulike aldersgrupper.
Barnehagen har éi avdeling med kapasitet på 24 plassar, og per dags dato er det fem tilsette, i tillegg til styrar. Frå barnehageåret 2026/27 reknar me med å ha 12 ungar mellom 1-5 år. Barnehagen deler bygg med skulen og SFO. Det er mykje samarbeid mellom barnehage og skule, blant anna lesing, tur, spesielle dagar som t.d. påske, karneval, skidag og liknande, og me sikrar slik ein flytande overgang frå barnehagebarn til skuleelev. Elles satsar barnehagen på å skapa ein aktiv kvardag for barna, der me er opptekne av vaksenrolla i leiken.
Visjonen vår er leik, omsorg og læring i ein trygg og aktiv kvardag. I dette ligg det at me har stort fokus på trivsel, og korleis me kan gjera dagane best mogleg for kvart einskild barn. Me er opptekne av fysisk aktivitet og glede over naturen og nærmiljøet.
Stillingsinformasjon:
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar me vil leggje vekt på:
Me kan tilby
Andre opplysningar