Evanger barnehage og Bolstad barnehage søkjer etter ein engasjert fagarbeider/assistent med eit stort hjarte for born. Stillinga vil delast mellom dei to barnehagane ut i frå behov. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at borna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar gjennom leik og aktivitetar kvar dag i barnehagen. Me legg stor vekt på at leiken skal ha ein sentral plass og bli prioritert i barnehagekvardagen vår. Satsingsområdet i dei neste åra er «Alle barn skal bli lest for i vossabarnehagane kvar dag.»
Me har ledig:
Tidsrom:
Me tilbyr:
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Me ynskjer:
Informasjon om barnehagane:
Evanger barnehage er ein 1-avdelingsbarnehage på Evanger, ca. 20 minuttar frå Voss sentrum. Det er i frå i haust 15 barn i barnehagen i alderen 1 -5 år.
Bolstad barnehage er ein 1-avdelingsbarnehage på Bolstad, ca. 30 minuttar frå Voss sentrum. Me har 14 barn i alderen 1 – 5 år.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Den som blir tilsett må leggja fram godkjent politiattest