Lærar i visuelle kunstfag

Arbetsbeskrivning

Om stillinga

Austrheim kulturskule har ledig eit 15% vikariat som kulturskulelærar i visuelle kunstfag. Vi ønskjer oss ein kollega som har undervisningskompetanse i design og visuelle kunstfag. Undervisninga vil vere i kulturskulen sine undervisningslokale. 

Vikariatet er frå 01.08.2026 til 31.07.2027. Stillinga vil vera ein del av Austrheim kulturskule, med til saman 8 tilsette og ca. 120 elevplassar.

Stillinga skal bidra til å gje born og unge eit inkluderande, kreativt og fagleg godt undervisningstilbod innan visuelle kunstfag, samt bidra til utvikling av kulturskulen sitt fagmiljø og fagtilbod. 


Kvalifikasjonskrav

  • Relevant kunstfagleg utdanning, ønskjeleg med undervisningskompetanse eller utdanning på høgskule-eller universitetsnivå.
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge, gjerne frå kulturskule eller undervisning/gruppeundervinsning og prosjektarbeid.
  • Grunnleggjande digitale ferdigheiter, og gjerne erfaring med digitale verktøy innan kunst og design
  • Det er ein ønskjeleg med kjennskap til administrative skulesystem (Speedadmin)
  • Kunnskap innan visuelle kunstfag og design
  • Kunnskap om undervisning og læringsarbeid, gjerne erfaring med utstillingar og prosjektarbeid
  • Du må kunne kommunisere flytande på norsk, både munnleg og skriftleg, ønskjeleg om du også kan kommunisere på engelsk

Arbeidsoppgåver

        

  • Utvikling og organisering av undervisningstilbodet innan design og visuelle kunstfag
  • Undervisning for enkeltelevar og i grupper
  • Delta på prosjekt, utstillingar, planleggings- og utviklingsarbeid i kulturskulen saman med andre lærarar
  • Oppfølging og rettleiing av elevar
  • Samarbeid med føresette og kollegaer ved behov

     

  • Gjennomføre undervisning i samsvar med arbeidsplan og timeplan 
  • Tilpassa undervisninga ut frå elevane sine behov og nivå
  • Følgje opp elevgrupper og enkeltelevar gjennom skuleåret
  • Delta på planlagde møte, prosjekt og arrangement
  • Dokumentasjon og vurderingsarbeid innan fristar
  • Gjennomføre utstillingar/prosjekt etter avtale

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som har...

  • Eit stort hjarte for barn og unge: Du har eit ekte engasjement for målgruppa og evna til å motivere og inspirere elevane.
  • Høg fagleg kvalitet: Du brenn for god undervisning og bidreg aktivt til eit inkluderande læringsmiljø.
  • Gode samarbeidsevner: Du kommuniserer godt og opptrer profesjonelt og respektfullt overfor både elevar, føresette og kollegaer.
  • Ei løysingsorientert og kreativ tilnærming: Du jobbar strukturert, tek sjølvstendig ansvar og trivast med utvikling og endring.

Om du i tillegg er pålitleg, fleksibel og likar å spreie litt humor og glede på arbeidsplassen, er du akkurat den vi leiter etter!


Me tilbyr

  • Løn etter gjeldande tariffavtale og kvalifikasjonar
  • Moglegheit for fagleg utvikling og samarbeid i kulturskulen
  • God pensjonsordning og inkluderande arbeidsmiljø

Heim til Austrheim

Me bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.

Me skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar me aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Me vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg