Avdelingsleiar - Hordabø skule

Arbetsbeskrivning

Om stillinga

Frå 01.08.2026 har me ledig avdelingsleiarstilling ved Hordabø skule. Saman med rektor og SFO-leiar vil du utgjere leiarteamet ved skulen. Skulen har også to teamleiarar som arbeider tett saman med leiinga. Stillinga er 100% mellombels,  og inneheld både administrativt arbeid og noko undervisning. 

Felles visjon for skulane er; Ein plass for alle – læring og meistring  i fellesskap.

Stllinga er eit vikariat, mellombels for skuleåret 2026/2027


Om Hordabø skule

Hordabø skule ligg i Bøvågen, nord på Radøy. Me har i dag rundt 120 elevar og 25 tilsette. Me har gode uteområde som legg til rette for læring gjennom leik og aktivitet. Skulen har fokus på å skape eit trygt og godt skulemiljø for alle elevar. I tillegg til læringsmiljøarbeidet er språk, lesing og skriving eitt av våre satsingsområde.
 


Arbeidsoppgåver

Ønskjer du å arbeide med skuleleiing i eit triveleg og inspirerande arbeidsmiljø? Du vil vere med på å skape eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø der elevane trivst og lukkast. 

Vi leitar etter deg, som kan tenkje deg varierte dagar, der du mellom anna: 

  • er del av leiargruppa ved skulen 
  • er aktivt med i utviklingsarbeid 
  • har undervisning og arbeid knytt til elevaktivitetar
  • har oppfølging av elevsaker, individuell tilrettelagd opplæring og samarbeid med føresette 
  • kaller inn, følgjer opp og rettleiar vikarar
  • ulike administrative oppgåver fordelt i leiargruppa ut frå kompetanse, organisering av skulen og ønskjer.
  • stillinga kan få personalansvar for deler av tilsettgruppa

     


Kompetanse

  • Vi ser etter ein avdelingsleiar med godkjent lærarutdanning og sterke faglege og didaktiske kunnskapar. 
  • Du er ein tydeleg og strukturert person, som møter både elevar, føresette og tilsette på ein god måte. 
  • Du må ha gode norskkunnskapar, og kunne uttrykkje deg godt, både skriftleg og munnleg. 
  • Det er ein fordel om du har god kompetanse på IKT. 
  • Det er ønskjeleg med leiarutdanning og/eller leiarerfaring

Me tilbyr

  • Eit fagleg dyktig kollegium.
  • Eit godt profesjonsfelleskap blant skuleleiarar
  • Ein støttande og utviklingsorientert oppvekstsektor
  • Leiaropplæring
  • Løn etter avtale basert på utdanning og røynsle
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk

Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidreg til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetodar og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I oppvekst arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. 


Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og me får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest 

I tråd med opplæringsl § 10- 9 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede