Ulvik søkjer sjukepleiarar!

Arbetsbeskrivning

På Ulvik Omsorgstun arbeidar me kvar dag for å gi innbyggjarane våre trygge og gode
helse- og omsorgstenester. No søkjer me ein sjukepleiar som vil vere med i eit lite, tett
fagmiljø med tett samarbeid og høg fagleg kvalitet.
Som sjukepleiar på Ulvik Omsorgstun har du varierte oppgåver på sjukeheim og i
heimetjenesta. Du har for tida arbeid kvar fjerde helg med arbeidstid på dag og kveld og
beredskapsvakter på natt. Noko som ofte gir gode friperioder i turnusen.

Om stillinga
På Ulvik Omsorgstun arbeidar me kvar dag for å gi innbyggjarane våre trygge og gode helse- og omsorgstenester. No søkjer me ein sjukepleiar som vil vere med i eit lite, tett fagmiljø med tett samarbeid og høg fagleg kvalitet.

Som sjukepleiar på Ulvik Omsorgstun har du varierte oppgåver på sjukeheim og i heimetjenesta. Du har for tida arbeid kvar fjerde helg med arbeidstid på dag og kveld og beredskapsvakter på natt. Noko som ofte gir gode friperioder i turnusen.

Oppgåver

  • Fagleg ansvar for vurderingar, tiltak og planlegging
  • Kliniske vurderingar, tiltaksplanar og legemiddelhandtering
  • Ansvarsvakt og leiing av team
  • Beredskapsvakt på natt
  • Pleie, omsorg og oppfølging av pasientar i sjukeheim og heimesjukepleie
  • Observasjon, dokumentasjon og samarbeid i tverrfagleg team
  • Bidra til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø
  • Samhandling med pasientar og pårørande
  • Rettleiing av kollegaer og studentar

Kvalifikasjonar

Må-krav

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (minimum nivå B2)
  • Må kunne leggje fram politiattest etter helse- og omsorgstenestelova §5-4.

Ynskja kvalifikasjoner

  • Førarkort klasse B
  • Erfaring frå kommunal helse og omsorgstjeneste

Personleg eignaheit vert vektlagt

Kven ser me etter?

Me ser etter deg som

  • Arbeider sjølvstendig og godt i samarbeid med andre
  • Tek faglege vurderingar i møte med pasientar
  • Bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

Me tilbyr

  • Årsturnus med moglegheit for påverknad
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Arbeidsplass i moderne lokale og tilgang til gode tjenestebilar
  • Ein jobb i verdas vakraste bygd
  • Dyktige kollegaer med høg fagleg standard
  • Hos oss får du jobbe i eit lite fagmiljø der ein samarbeider tett, deler kompetanse og utviklar seg fagleg gjennom fagundervisning i turnus og fagdager.
  • Flyttegodtgjersle ved flytting til Ulvik herad etter gjeldande retningslinjer (med 100% dekking av flytteutgifter)

Kvifor jobbe hos oss?

Helse og omsorg i Ulvik herad er ei eining med om lag 45 årsverk.  Tenestene omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi og ergoterapi, psykisk helse og rus og dagtilbod.

Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn.

Om Ulvik

Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden finn du Perla i Hardanger - Ulvik.

Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterar til friluftsliv heile året. Me har aktive kultur- og idrettsmiljø, frukt- og sidertradisjonar og eit rikt kulturliv.

Meir informasjon finn du på Ulvik kommune og Hardanger | Ulvik (hardangerfjord.com)

Link til søknadsskjema: Søk her