Ågotnes skule er ein barneskule på Ågotnes i Øygarden kommune om lag 15 minuttar køyretur frå regionsenteret Straume. Ågotnes skule er ein nynorskskule, men har undervisning på både nynorsk og bokmål. Skuleåret 2026-2027 vil skulen ha om lag 230 elevar og 40 tilsette.
Visjonen vår er «Ein god stad å vere, ein god stad å lære.» Vi er oppteken av at skulen skal vere eit inkluderande felleskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle. Skulen er ein SUPER!! skule.
Vi søkjer no ein trygg, kompetent og relasjonssterk medarbeidar som ønskjer å bidra til eit inkluderande og utviklande læringsmiljø for elevar i ulike aldersgrupper. Stillinga omfattar arbeid i skule, SFO og ferie-SFO.
Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist
Tore Foldnes
Rektor Ågotnes skule
Telefon: 55 09 78 04 eller 472 35 162
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.