Avdelinga er ei fellesavdeling for radiologi for Ålesund og Volda, og har ansvar for det radiologiske tilbodet til pasientar på Sunnmøre. Vi tilbyr eit breitt utval av undersøkingar innan røntgen, ultralyd/doppler, CT (datatomografi), MR (magnetisk resonans), angiografi (bilete av blodårer), beintetthetsmåling og nuklærmedisin med PET og SPECT. Radiologi er eit spanande fagområde i rask utvikling, og våre tilsette nyttar avansert teknologi store delar av arbeidskvardagen. Undersøkingane vi tilbyr er ein naturleg del av svært mange forløp for både innlagde og polikliniske pasientar, og vi har eit nært samarbeid med dei fleste kliniske avdelingane på sjukehusa.
Vi søkjer deg som trivst med ulike merkantile oppgåver, både i samarbeid med kollegaer og i møte med pasientar. Du må vere lærevillig og handtere arbeidsdagar med høgt tempo. Vi ynskjer oss nokon som kan medvirke positivt i avdelinga, både fagleg og sosialt.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Å vere personleg eigna blir lagt vekt på ved tilsetting.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!