Senior arealplanleggar i Førde

Arbetsbeskrivning

Planfaget i Nordplan har ei sterk forankring i organisasjonen og ein lang historikk. Fagmiljøet består av 19 medarbeidarar lokaliserte på fleire av kontora våre.

Vi opplever aukande oppdragsmengde og søkjer etter dyktige og engasjerte medarbeidarar innan planfaget i Førde

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar:

  • Bachelor/Master innan planlegging, naturfag, arkitektur eller landskapsarkitektur

  • Minst 5 års planleggingserfaring

  • Gjerne erfaring med kartprogram/visualisering.

  • God kunnskap i norsk -- skriftleg og munnleg

  • Gjerne erfaring med by- og tettstadsutvikling

Personlege eigenskaper:

  • Engasjert, initiativrik og ansvarsbevisst

  • Gode samarbeidsevner og ein dyktig lagspelar

  • Kvalitetsbevisst, analytisk med god heilskapsforståing

  • Løysningsorientert, strukturert og beslutningsdyktig

  • God marknads- og kundeforståing

Planavdelinga arbeider med eit breitt spekter av oppgåver -- frå by- og tettstadsutvikling og reiseliv til større planoppdrag gjennom rammeavtalar og offentlege anskaffingar. Du vil arbeide tett med arealplanleggjarar, arkitektar og ingeniørar i eit integrert fagmiljø.
Vi er i utvikling og ser etter deg som vil bidra aktivt -- både fagleg og med marknadsbygging.

Arbeidsoppgaver

Aktuelle arbeidsoppgåver:

· Utarbeiding av plandokument, inkludert plankart

· Gjennomføring av planprosessar, prosjektleiing og kundekontakt

· Moglegheitsstudier, konseptutvikling og stedsanalyser

· Visualisering/3D-modellering

· Utarbeiding av planprogram og konsekvensutgreiingar

Vi tilbyr

Nordplan tilbyr eit fagleg interessant miljø med dyktige og hyggelege kollegaer.

Vi er rådgjevarar både på små og store oppgåver, og arbeidet er difor variert og utviklande.

Vi tilbyr konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, samt fleksibel arbeidstid.