Bioingeniør

Arbetsbeskrivning

Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank er den største avdelinga i Klinikk for diagnostikk, med seksjonar ved alle dei tre sjukehusa i føretaket. Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund har 55 stillingar og om lag 70 tilsette.

Seksjonen består av fagområda hematologi og koagulasjon, service med preanalyse, PNA og urinanalyser, automasjon med pre/post-analyse, klinisk kjemi og immunkjemi, protein/allergi og blodbank/transfusjonsmedisin.

Vi har ledig ei fast stilling som bioingeniør i tredelt vaktturnus frå 01.09.2026 eller etter avtale.

Vi ber om at attestar og vitnemål blir scanna og lasta opp som vedlegg CV/søknad.


Arbeidsoppgåver

  • Delta i laboratoriet sine daglege arbeidsoppgåver, inkludert blodprøvetaking og analysering av blodprøver
  • Delta i laboratoriet sin vaktturnus
  • Medverke til å oppfylle føretaket sine overordna målsettingar med fokus på kvalitetssikring, kvalitetsforbetring og kvalitetsutvikling

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon
  • Erfaring frå medisinsk biokjemi og/eller blodbank, inkludert blodprøvetaking, er ein fordel 

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert
  • Interesse for pasientkontakt og blodprøvetaking
  • Evne til å kunne omstille seg
  • Interesse for kompetanseheving
  • Kunne arbeide sjølvstendig og i team
  • Engasjert, initiativrik og villig til å stå på i eit sterkt fagleg miljø

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Ein seksjon med godt arbeidsmiljø og rause kollegaer
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Camilla Jensen Pedersen, Seksjonsleiar, [email protected]

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5141154790
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.07.2026