Søkjer du spennande utfordringar og eit godt fagmiljø? Då kan dette vere stillinga for deg!
Ved Bu- og miljøtenesta, avdeling Elvebøen, har vi følgjande ledige stillingar:
1 x 100 % fast stilling som vernepleiar frå 20.08.2026
1 x 100 % vikariat som miljøterapeut frå snarast til 31.03.2027
1 x 100 % vikariat som vernepleiar frå 01.11.2026 til 01.11.2027
Stillingane inkluderer 20 % frie timar.
Vi ber om at du skriv tydeleg i søknaden kva stilling du søkjer på.
Søkjarar til den faste stillinga vert oppmoda om å opplyse i søknaden om dei også er interesserte i vikariata dersom dei ikkje vert innstilte som nummer éin til den faste stillinga.
Om arbeidsplassen
Elvebøen høyrer til tenesta for funksjonshemma og er ei av dei største avdelingane i Bu-og miljøtenesta. Avdelinga har heildøgnsdrift og gir tenester til personar med ulike behov for oppfølging og bistand.
Som vernepleiar og miljøterapeut på Elvebøen jobbar du tett på tenestemottakarane gjennom miljøterapeutiske tiltak og individuelt tilpassa oppfølging. Du vil ha primæransvar for enkelte tenestemottakarar og vere ein viktig bidragsytar i arbeidet med å skape tryggleik, meistring og gode dagar. Stillingane krev at du kan arbeide sjølvstendig, samtidig som du trivst med tett samarbeid i team. Arbeidsoppgåvene er mange og varierte, og godt samarbeid er ein viktig faktor for både kvaliteten på tenestene og arbeidsmiljøet vårt.
Som vernepleiar vil du i tillegg ha ansvar for helsefagleg oppfølging og legemiddelhandtering i samarbeid med andre vernepleiarar og sjukepleiarar i avdelinga.
Turnus og arbeidstid
Eininga har årsarbeidsplan med tredelt turnus. Utlyste stillingar er for tida organisert med todelt turnusordning. Dei utlyste stillingane inneber dag- og kveldsvakter, samt arbeid kvar tredje helg eller langvakter kvar fjerde helg.
Kvifor velje oss?
Hos oss får du arbeide i eit fagmiljø med engasjerte kollegaer, varierte arbeidsdagar og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Du blir ein del av ei teneste i kontinuerleg utvikling, der brukarane sine behov og livskvalitet står i sentrum.
Har du spørsmål?
Om du har spørsmål om stillinga, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt for ein uforpliktande prat.
Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga
Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillingane kan du kontakte avdelingsleiar Camilla Andersen på telefon 45877417 eller epost [email protected]