Støttekontakt søkjast - med interesse for trening og kampsport

Arbetsbeskrivning

Er du aktiv, positiv og glad i trening? Me søkjer ein støttekontakt til ein brukar med stor interesse for MMA, boksing og styrketrening. 
 
Om oppdraget:
Me treng ein støttekontakt som kan vere med på aktivitetar og bidra til meistring, motivasjon og gode opplevingar. Aktuelle aktivitetar kan vere:
  • Boksing/MMA-relaterte aktivitetar.
  • Styrketrening.
  • Sosialt samvær og prat.
Oppdraget er på ca. 3 timar per veke, med fleksibel planlegging.
 
Kven ser vi etter?
  • Gjerne mann i alderen 20–30 år (men ei tøff og motivert dame er òg aktuell).
  • Har interesse for trening, gjerne kampsport.
  • Er snill, forståingsfull og inkluderande.
  • Har godt humør og sans for humor.
  • Er påliteleg og kan bygge gode relasjonar.
Vi tilbyr:
  • Oppfølging og rettleiing.
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Interessert?
Ta gjerne kontakt med Rannveig Obrestad, avdelingsleiar for Familieteamet i Vindafjord og Etne, for meir informasjon, og send ein gjerne ein kort og konkret søknad om kven du er og kva du kan bidra med.
Andre opplysningar:
  • Du må ha førerkort klasse B.
  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. 
 
Slik søker du: 
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Link til søknadsskjema: Søk her