Sjøvakt 2:4 turnus  

Arbetsbeskrivning

Fjord1 planlegg å innføra 2:4-turnus i sambandet Arsvågen–Mortavika om bord på våre gassferjer. No søker vi 1.maskinistar som ønsker å vere med på den nye ordninga. 

Den nye turnusordninga med 2 veker på arbeid og 4 veker fri gir moglegheit for god balanse mellom arbeid og fritid. I arbeidsperioden bur du om bord, og reise til og frå arbeidsstaden vert dekt.

I rolla som 1. maskinist har du eit stor ansvar i drifta av fartøyet og fungerer som maskinsjefen sin stedfortredar. Her får du moglegheit til å utvikle deg vidare innan maskinfaget og bygge kompetanse på gassfartøy – ei erfaring som er ettertrakta. Du vil her jobbe på eit av dei mest trafikkerte ferjesambanda, i ein travel, men trygg kvardag med godt samarbeid. 


Oppstart er føresett i september, men endeleg oppstartstidspunkt vert avtalt nærare.


Arbeidsoppgåver

  • Vedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem.
  • Oppgåver iht. alarminstruks
  • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav.
  • Samarbeid med maskinsjef for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden.
  • Sjå til at personell som utfører arbeid i maskin nyttar verne- og tryggleiksutstyr.
  • Utvikling og opplæring av personell som er underlagt maskin.
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt.
  • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar.
  • Ansvar for bunkring av gass og olje.
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn.
  • Oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert.
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde.
  • Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.  

Kvalifikasjonar

  • Kompetansesertifikat M2
  • Sikkerhetskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta
  • Ferdigheitssertifikat, vidaregåande IGF
  • FSE lav- og høyspenning
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert 1.maskinist med teknisk innsikt, og god kommunikasjonsevne. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag.  

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
  • Sjøvakt, 2 veker på og 4 veker av, 98 timars arbeidsveke.
  • Ein bur ombord i arbeidsperioden.
  • Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode.
  • Treningsrom om bord i fartøyet.
  • Eit godt arbeisdmiljø med dyktige kollegaer. 
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.

Kontaktinformasjon

Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, [email protected]

Arbeidssted

E39
5561 Føresvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fjord1 AS

Referansenr.: 5143474367
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.06.2026