Fjord1 planlegg å innføra 2:4-turnus i sambandet Arsvågen–Mortavika om bord på våre gassferjer. No søker vi matrosar som ønsker å vere med på den nye ordninga.
Den nye turnusordninga med 2 veker på arbeid og 4 veker fri, gir moglegheit for god balanse mellom arbeid og fritid. I arbeidsperioden bur du om bord, og reise til og frå arbeidsstaden vert dekt.
Sambandet er ei viktig del av E39 og ei av dei mest trafikkerte ferjestrekningane i landet. Arbeidsdagen om bord varierer etter trafikk, vêr og drift, og gir ein kvardag som er både allsidig og lærerik. Tempoet er høgt, men oversiktleg og trygt – noko som gjer at du får brukt erfaringa di, lærer mykje nytt og raskt blir trygg på både fartøy og rutinar. Dette gir gode moglegheiter for deg som ønsker å utvikle deg vidare i faget.
Oppstart er føresett i september, men endeleg oppstartstidspunkt vert avtalt nærare.
Arbeidsoppgåver
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
Kvalifikasjonar
- Ferdigheitssertifikat matros
- Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
- Krise- og passasjerhandteringskurs
- Ferdighetssertifikat hurtiggåande MOB båt
- Ferdighetssertifikat IGF Grunnleggande
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med tett samarbeid og har fokus på tryggleik og god service. Du bør ha vilje til å lære, stå på når det trengst og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overeinskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Sjømannsforbundet
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
- Sjøvakt 2 veker på og 4 veker fri, 98 timars arbeidsveke.
- Ein bur ombord i arbeidsperioden
- Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode
- Treningsrom om bord i fartøyet
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar
- Vi tilbyr gode ordningar og legg til rette for utvikling for deg som ønsker å ta steget vidare.
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896,
[email protected]
Arbeidssted
E39
5561 Føresvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 AS
Referansenr.: 5143470327
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.06.2026