Vil du være ein del av eit fagmiljø som kvar dag jobbar for å gjere forskjell i menneske sine liv? NAV Øygarden er ein spanande og utviklande arbeidsplass med om lag 80 tilsette fordelt på fire avdelingar. Vi held til i eit moderne lokale sentralt på Straume.
Stillinga er for tiden lagt til Avd Arbeidsinkludering og vil få ansvar for å gje heilskapleg og arbeidsretta oppfylging av flyktningar som har fullført introduksjonsprogram
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vikariatet har ein varigheit til 31.12.27 med moglegheit for lenging.
Fungerande avdelingsleiar Ingvild Angell Bakke tlf 9308 3272 eller mail: [email protected]
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.