Helsefagarbeidar 100% fast stilling, Heimetenester Ølve

Arbetsbeskrivning

Vi søkjer ein helsefagarbeidar i 100 % fast stilling i Ølve

 Er du ein helsefagarbeidar med hjarte for eldreomsorg og har lyst til å bli ein del av vår flotte gjeng med kompetente fagfolk? Vi søker deg som brenn for profesjonell og verdig eldreomsorg.

Årsturnus, 2 -delt turnus. Tenestene våre omfattar både ordinær heimeteneste, bufellesskap og dagsenterdrift. Dette gir ein variert og spennande arbeidskvardag med brei klinisk erfaring og høve til å utvikla kompetansen din innan fleire fagområde.

 I Kvinnherad får du mykje meir enn ein jobb:

  • Billig barnehageplass – berre 500 kr/mnd
  • Gratis SFO (fram til 3. klasse)
  • Mange flotte skular og barnehagar rundt om i kommunen. Hatlestrand skule er 1-10 skule og har heildagskule og i Ølve har vi Ølve montessoriskule, 1-7 skule. På Hatlestrand har vi Strand-Ulv hallen med aktiviteter for store og små samt innomhus basseng. Både i Ølve og på Hatlestrand har vi flotte uteanlegg med sandvolleyball og fotballbane. Det er barnehagar både på Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy. Les meir på kvinnherad.kommune.no
  • Trygt og godt oppvekstmiljø for barn og unge
  • Du får natur i verdsklasse, fjord, fjell og frisk luft rett utanfor døra

Vi derimot… manglar deg!

 Arbeidsoppgåver: 

  • Utøva helsefaglege oppgåver i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav
  • Heilheitleg omsorg og pleie
  • Samarbeid med pasient, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer på avdeling
  • Dokumentasjon av tenestane vi yt
  • Legemiddelhandtering
  • Rettleie kollegaer, studentar og skuleelevar

 Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Norskkunnskap, skriftleg og munnleg

 Personlege eigenskaper:

  • Du må vera fleksibel og løysingsorientert.
  • Ha gode evner til kommunikasjon
  • Kunne arbeida sjølvstendig og samarbeida med andre
  • Ha førarkort
  • Positiv

 Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.

 Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
  • Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
  • Arbeidstøy

 

Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her: Sunnhordlandslivet (buisunnhordland.no)

Kvinnherad kommune er med i ordninga der du kan få sletta kr. 25.000, pr. år av studiegjelda di. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt: Sletting av studielån – no startar oppteninga - regjeringen.no

Kvinnherad kommune har fått tildelt midlar til startlån til fyrstegangsetablerarar. Les meir om dette her: 30 millionar

 

Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.


Link til søknadsskjema: Søk her