Lærling som anleggsgartner 

Arbetsbeskrivning

Om stillinga

Vil du jobbe praktisk ute, skape gode uterom for innbyggarar og utvikle deg i eit fag med framtid?

Alver kommune søker lærling i anleggsgartnerfaget med oppstart august 2026. Som lærling får du jobbe med mange relevante og varierte oppgaver for å lære deg faget.

Vi prioriterer søkere med ungdomsrett og som har bosted i Alver kommune. 

Du kan også søke om du ikkje bur i Alver kommune.


Arbeidsoppgåver

  • Jmf Læreplan for anleggsgartnere
  • Skjøtsel og vedlikehald av parkar og grøntområde
  • Planting og stell av tre, buskar, staudar og plen
  • Bruk av maskinar og handverktøy (etter opplæring)
  • Bygging av enkle konstruksjonar, dekke, kantar og fundament
  • Arbeid med helse, miljø og tryggleik (HMS)
  • Deltaking i planlegging, dokumentasjon og kvalitetskontroll
  • Arbeidsoppgåvene blir tilpassa progresjonen i læretida.
  • Som lærling er du under opplæring og skal ha tid til å arbeide med kompetansemåla i anleggsgartnarfaget.
  • Du skal saman med instruktør lage ein plan for korleis du skal nå kompetansemåla i læreplanen.
  • Du brukar systemet fagbrev.io for å dokumentere den faglege utviklinga di.

Kvalifikasjonskrav 

 

  • Bestått VG1 i bygg- og anleggsteknikk
  • Bestått VG2 i anleggsgartnar
  • Dersom du går VG2 no, må du leggje ved karakterutskrift frå 1. halvår
  • Du må dokumentere høgt fråvær
  • Det er ein fordel om du har grunnleggjande maskin- og verktøyforståing
  • Det er ein fordel om du har førarkort klasse B
  • Dersom du ikkje har VG2 anleggsgartnar, men har interesse for faget, vil vi vurdere søknaden din. Læretida vil då bli lengre enn 2 år.
  • Fyll inn eller innhent frå jobbanalyse

Kven er du?

  • Påliteleg og ansvarsmedviten
  • Lærevillig og motivert
  • Samarbeidsvillig og positiv
  • Interesse for praktisk arbeid ute i all slags vêr
  • Oppteken av orden, tryggleik og kvalitet i arbeidet
     

Me tilbyr

  • Velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Lønn under utdanning
  • Trygt og godt arbeidsmiljø
  • Relevant og brei fagkompetanse fram mot fagbrev
     

Tilsetjing skjer på dei vilkåra og pliktene som går fram av utlysinga, og dei lovene, reglementa og tariffavtalane som til kvar tid gjeld.


Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. 


Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune