Hareid kommune er i gang med å legge om og vidareutvikle det støttande teamet sitt – eit tverrfagleg og ambulerande lågterskeltilbod for barn, unge og familiar.
No ser vi etter deg som er ein engasjert fagperson – og gjerne deg som også kan ta rolla som koordinator – og som vil vere med på å forme og utvikle tenesta vidare.
Støttande team skal gi tidleg hjelp til barn og unge med milde og moderate plager, og vere kommunen sitt omreisande team for barnehage- og skulemiljø. Teamet arbeider på tvers av sektorar og er organisatorisk plassert i helse- og koordinerande eining, med ein eigen koordinator knytt til sektor for læring og kultur.
Vi ser etter deg som, saman med dei andre i teamet, kan bidra med kompetanse innan sosialpedagogikk, psykisk helse, barnehage- og skulemiljø, vurdering av barns beste, rettleiing til heimar, samtalar med ungdom, system- og endringsarbeid, familierettleiing og kognitiv rettleiing.
Som koordinator er du kontaktpunktet for teamet, og du får ansvar for organisering og fordeling av saker. I søknaden din er det fint om du fortel om du også ønsker å ha rolla som koordinator i det støttande teamet.
Ønsker du meir informasjon, kan du be om å få tilsendt mandatet for det støttande teamet.
Det er ønskjeleg med utdanning på bachelornivå og med fordjuping/vidareutdanning innan eitt eller fleire fagområda ovanfor.
Teamet bør bestå av 2-3 personar, gjerne i kombinasjonsstillingar. I kombinasjonsstillingar blir det føresett at ein må utvise evne og vilje til stor fleksibilitet mellom stillingane.
Det er krav om politiattest av ny dato før du kan starte i arbeid.
Du er
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar til stillingane.
Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår.
Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.
Intern søkjar
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.