Ridesenteret i Rauland går inn i ei ny epoke med Vinje Kommune som eigar. I planen heiter det; -Ridesenteret skal utviklast som ein varig og profesjonell institusjon med eit breitt samfunnsoppdrag. Verksemda skal gjennom bruk av hest og rideaktivitetar vere ein aktiv medspelar i arbeidet med livskvalitet, helse, kulturformidling og berekraftig lokalsamfunnsutvikling.-
Til å delta i denne spennande utviklinga søkjer vi ein medarbeidar som ønskjer å vere med på å utvikle og bygge opp eit framtidsretta tilbod i tråd med Vinje kommune sine planar for ridesenteret. Den rette kandidaten vil få moglegheit til å bidra aktivt i utviklinga av tenester innan hesteassisterte aktiviteter og generell tradisjonell rideundervisning
Kvalifikasjonar:
Erfaring med hestehald, ridning og stalldrift
Trygg rundt hestar og opptekjen av dyrevelferd
Utdanning innan skule, helse og/eller ungdomsarbeid vil bli vektlagt
Erfaring med undervisning og arbeid med barn og unge er ein fordel
Erfaring med, eller særleg interesse for, arbeid med hest som arena for læring, meistring, inkludering og livskvalitet.
Ansvarsbevisst, strukturert, positiv og sjølvstendig
Vi tilbyr:
Variert og aktiv arbeidsdag tett på hestane
Sosialt og inkluderande miljø
Mogelegheit for å påvirke utvikling og drift av senteret
Mogelegheit for personleg utvikling innan fagområda ridesenteret er tilknytt
100% stilling
Konkurransedyktige betingelsar