Vi har ledig 15 % årsengasjement som kulturskulelærar innan dans (hiphop-stil) ved Sykkylven kulturskule frå 01.08.2026. Det vil være mogleigheit for forlenging.
Vi søkjer ein dyktig og engasjert lærar som ynskjer å delta i utviklinga av eit godt lærings- og utviklingsmiljø.
Sykkylven kulturskule held til i nye lokale i eigen avdeling i Nye Aure barneskule i Sykkylven sentrum. Her er administrasjon, undervisingsrom og arbeidsplassar for lærarane samlokalisert. Danseundervisninga er lagt til dansesal ved Sykkylven kulturhus.
Skulen har i dag 3,5 årsverk fordelt på 12 tilsette og har ca 200 elevar. Kulturskulen er inne i ein spanande utviklingsfase og fagtilbodet er under utvikling. Den nye rammeplanen for Kulturskulen vert lagt til grunn for dette arbeidet.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.