Voss Vandrarheim er ope året rundt med hovedsesong juni-september og februari-april. Me har døgnsopen resepsjon og vaken nattevakt i hovedsesong, men i rolegare periodar held me delvis stengt i resepsjonen dagtid og har sovande nattevakt.
Me ser etter ein person som snarast får opplæring som nattevakt, kan jobbe 5-10 vakter i månaden og i tillegg gjerne vil vera ringevikar. Nattevaktens oppgåver er blant anna innsjekk, vaktrunder, kundeservice, reinhald og forebuing av frukostbuffét.
Det er eit krav at du snakkar eit skandinavisk språk flytande, og at du beherskar engelsk godt. Du er minst 20 år, serviceinnstilt og ansvarsbevisst - du tek ansvar for kassaoppgjør og diverse resepsjonsoppgåver på eige hand. Du bør ha erfaring frå arbeid der du har jobba sjølvstendig. At du likar å smile er absolutt ein fordel - god stemning er viktig for oss både internt og gjentemot gjester!
Send søknad og CV til Liv på [email protected], gjerne med minst ein referanse. Tiltredelse snarast.
Viktig - Vandrarheimen tilbyr ikkje personalbustad, du må vera busatt på Voss.
Lønn: Lønn etter avtale
Start: Snarast
Epost: [email protected]
Krav til kompetanse
Skandinavisk språk, og god engelsk
Minimum 20 år
Ansvarsbevisst
Ønsket kompetanse
Personlige egenskaper