Undervisningsstilling kroppsøving og norsk

Arbetsbeskrivning

Osterøy vidaregåande skule held til i flotte lokale i Lonevåg og har omlag 180  elevar og 30 tilsette. Studietilbodet ved
skulen er Helse- og oppvekstfag, Teknologi- og industrifag, Elektro og datateknologi, Studiespesialisering, og opplæring i mindre grupper.

Frå 1. august har vi ledig årsvikariat omlag 50% i norsk og kroppsøving. Kontaktlæraransvar kan bli lagt til stillinga

Du kan søkje heile eller del av stillinga.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning
  • Tett dialog med elevar om fagleg og sosial utvikling
  • Pedagogisk utviklingsarbeid i samarbeid med kollegaer

Kvalifikasjonar

Det er ønskjeleg med:

  • Høgare utdanning
  • Godkjent pedagogisk utdanning
  • Erfaring frå undervisning

Personlege eigenskapar

  • Positivt elevsyn
  • Pedagogisk og fagleg nysgjerrig
  • Opptatt av å skape eit trygt og godt skulemiljø
  • Ein tydeleg leiar for elevgruppa
  • Gode evner til samarbeid og lagtenking
  • Strukturert og sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Eit godt, innovativt, fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid
  • Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Administrasjonensmålet i Vesltand fylkeskommune er nynorsk. Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar. Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.

Kontaktinformasjon

Kari Espelund Bruvik, rektor                        , 95036537
Hilde Saugerud Standnes, Assisterande rektor, 48296970, [email protected]

Arbeidsstad

Solbjørgsdalen 12
5282 Lonevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5145062333
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Søknadsfrist: 29.06.2026