Styrar Sæbø barnehage

Arbetsbeskrivning

Om stillinga

For Sæbø  barnehage søkjer vi etter engasjert og dyktig styrar som ønskjer å leie  tilsette og barn gjennom ein spennande og læringsrik kvardag. Som styrar vil du ha hovudansvaret for barnehagen sin daglege drift, personalutvikling, pedagogisk arbeid og utvikling av barnehagen. Stillinga er 100% fast.

Vi ser etter ein person som er strukturert, fagleg sterk, omsorgsfull og har eit brennande engasjement for barn si utvikling og lærelyst.


Arbeidsoppgåver 

Som styrar i Sæbø barnehage har du ansvar for 

  • Leie og utvikle barnehagen som ein lærande organisasjon med profesjonelle læringsfellesskap 
  • Økonomistyring og resultatkontroll
  • Forvaltning og kvalitetsutvikling
  • Sikre godt samarbeid med foreldre
  • Tverrfagleg samarbeid om barn og unge si oppvekst
  • Tilretteleggje for eit trygt og godt leike- og læringsmiljø for barn, og eit helsefremjande arbeidsmiljø for tilsette
  • Sikre at heile personalet i barnehagen arbeider fram mot barnehagen sine mål
  • Å vere ein god rollemodell og rettleiar som kan bidra til å skape eit trygt og engasjerande arbeidsmiljø

 


Kvalifikasjonar

Krav til søkjarar:

  • Barnehagelærarutdanning
  • Erfaring frå leiiing i barnehage, fortrinnsvis som styrar

Ønska kvalifikasjonar:

  • Utdanning i barnehageleiing er ønskjeleg
  • God økonomiforståing og evne til å prioritere innafor budsjettrammene
  • Du er fagleg sterk og kan vise til gode resultat frå utviklingsarbeid/ endringsarbeid
  • Evne til å tenkje heilskapeleg og å jobbe målretta
  • God system- og rolleforståing

Personlege eigenskapar

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.Vi søker deg som:

  • er omsorgsfull og inkluderande i din leiingsstil. 
  • er ein lærande og engasjerande leiar med stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • er fleksibel og løysingsorientert, og held opp ditt gode humør og engasjement.
  • du jobber strategisk, systematisk og langsiktig med eit heilskapeleg perspektiv på barnehagedrifta
  • du er strukturert  og har evna til å arbeide både sjølvstendig og i team. 
  • ditt faglege engasjement og målretta arbeidsmetode bidreg til eit inkluderande , positivt og raust arbeidsmiljø.

Politiattest

I tråd med barnehagelova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede. 


Vi tilbyr

  • løn etter avtale
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • mentorordning for nye styrarar
  • ein spanande leiarstilling i ein av kommunen sine største barnehagar
  • eit godt profesjonsfellesskap saman med tenesteleiar og styrarane i dei andre kommunale barnehagane, der ein samarbeider, støtter og utfordrar kvarandre
  • leiaropplæring
  • ein støttande og utviklingsorientert oppvekstsektor