Vil du arbeida med ei av dei viktigaste samfunnsoppgåvene i Voss herad?
Me søkjer ein engasjert og løysingsorientert VA-driftsoperatør som vil vera med å sikra trygt drikkevatn og ei berekraftig avløpshandtering for innbyggjarane våre.
Om stillinga
Driftsavdelinga har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar, vatn- og avløpsanlegg, og består av om lag 40 tilsette. Vatn og avløp er ei samfunnskritisk teneste, og Voss herad er inne i ei spanande utvikling med fleire større prosjekt innan VA-sektoren. Som VA-driftsoperatør får du ei variert og viktig rolle i arbeidet med å sikra stabil drift og vidare utvikling av infrastrukturen vår.
Arbeidsoppgåver
Det er etablert vaktordning innan veg, vatn og avløp. Etter opplæringsperiode må den som vert tilsett delta i ordninga.
Kvalifikasjonar
Me søkjer deg som har:
Det er ynskjeleg med ADK1-sertifikat.
Relevant erfaring kan kompensera for manglande fagbrev, men søkjar må vera villig til å ta relevant fagutdanning.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagde. Me ser etter deg som:
Me tilbyr
Søknad
Voss herad ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Søk på stillinga via søknadsportalen. Hugs å leggja ved relevante attestar og vitnemål, samt oppgje referansar.
I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar verta offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste.