Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbetsbeskrivning

Vi har ledig:
100% fast undervisningsstilling frå 01.08.2026
100% vikariat undervisningsstilling frå 01.08. - 31.12.2026
100% vikariat som fagarbeidar frå 01.08.2026-31.12.2026
50% vikariat frå som fagarbeidar frå 01.08.2026-31.12.2026

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og inkluderande skulemiljø og lesing i alle fag som grunnleggjande ferdigheit (Læreplanverket 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Arbeidsstad
Nore Neset barneskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik. Skuleåret 2026-27 vil skulen ha omlag 300 elevar. Saman om læring – SOL-  summerer opp kjerneverdiane våre: at elevane våre skal oppleva anerkjenning, tryggleik og meistring. Du kan lese meir om Nore Neset barneskule på nettsida vår: www.noreneset.no 

For undervisningsstillingane:

Arbeidsoppgåver
- Faglærarar på 1.-7. trinn, kontaktlæraransvar kan bli aktuelt.

Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere godkjent frå HK-dir. 
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar

- God fagleg kompetanse.
- Er ein tydeleg, trygg og engasjert klasseleiar og rollemodell. 
- Er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid. 
- Er framtidsretta innan digital undervisning.
- Bidra til eit godt og inkluderande læringsmiljø.
- Er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar. 
- Har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollega. 
- Godt humør.
Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju. 

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen

For fagarbeidarstillingane:

 

Kvalifikasjonar
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, eller anna relevant utdanning.
- Er du ufaglært og har interesse for arbeid med barn og unge er du også velkomen til å søkje.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar
Den vi søkjer møter alle barn med respekt og varme, og er ein trygg og raus person i møte med elevar. Vi søkjer deg som er leiken og robust. Du må vere førebudd på ein hektisk arbeidskvardag med meiningsfylte arbeidsoppgåver. I skulen er læringa viktig, og i møte med elevane skal vi motivere til læring, både i tradisjonelle og meir alternative opplæringsarenaer. Inkludering er viktig på Nore Neset barneskule, og alle barna skal høyre til i fellesskapet. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju. Søkarane vil bli vurderte i høve til kvalifikasjon, personlege eigenskapar og skulen sine behov.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette. Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


 


Link til søknadsskjema: Søk her