Barnehagelærar - 100 % fast - Lindås barnehage

Arbetsbeskrivning

Om stillinga

Lindås barnehage har ledig fast stilling som barnehagelærar i 100%. Stillinga er ledig frå 09.08.2026, eller etter avtale.

Arbeidsoppgåver / ansvar:

  • Skape eit godt barnehagemiljø for alle barn
  • Bidra i utføring og planlegging av daglege gjeremål, prosjekt og aktivitetar

Om barnehagen

Lindås barnehage ligg sentralt på Lindås, med gangavstand til idrettshall, fotballbaner, bibliotek, skulen og flotte turområder.

Barnehagen har store, fine uteområde, som både inneheld både opparbeida leikeplass og naturleikeplass og eigen grønsakshage.

Bygget var nytt i 2021. Barna er tilknytt eigen avdeling og deler fellesrom som gymsal, kjøkken, atelier og forskarrom. Barnehagen er bygd med 7 avdelingar, men har pr. idag ledig kapasitet.

Kompetanse

Godkjent utdanning som barnehagelærar.

Erfaring frå arbeid i barnehage er ønskeleg

Eigenskaper

Vi ser etter ein pedagog som passar godt inn i personalgruppa vår, og som samstundes tilfører nye perspektiv og bidreg til vidareutvikling av barnehagen og satsingsområda våre. Du er raus og tydeleg, og medverkar aktivt til eit godt arbeidsmiljø. I tillegg har du gode relasjonelle ferdigheiter og skaper tillit og gode samarbeid med barn, føresette og kollegaer.

Det  er krav om å vise fram tilfredstillande politiattest heimla i forskfrift til barnehagelova ved oppstart.

Vi tilbyr:

  • fast stilling i Alver kommune
  • godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • ein nyare barnehage med sentral beliggenhet, med nærleik til naturområder og eigen grønsakshage
  • gode pensjonsordningar