Helsesekretær

Arbetsbeskrivning

Er du ein positiv og arbeidssam person som trivst med å arbeide i eit team?

Vi ved gynekologisk poliklinikk har ledig eit 6,månadsvikariat. Vi ynskjer ein positiv og løysningsorientert person til oss. Dersom du har kjennskap til Helseplattformen så er det ein fordel. Vi er ein kjekk arbeidsplass og ynskjer oss no eit nytt tilskot. Ynskjer du ein variert arbeidsdag innan eit viktig fagfelt så søk hos oss. Her er dyktige gynekologar, ultralydjordmødre, sjukepleiarar, pasientkoordinator og merkantile.
Høgare stillingsprosent, eller anna vikariat kan verte ledig.

Bli med på laget vårt – vi ser fram til å høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver

  • Vere første kontakt med  pasientane våre
  • Fylle opp/ flytte og avlyse timar i poliklinikken
  • Ha oversikt over aktiviteten på poliklinikken
  • Lage malar i helseplattformen
  • Oversikt over arbeidslister og rapporter
  • Bestille tolk
  • Oppfølging av post, chat
  • Samarbeid med andre faggrupper

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsesekretær
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Digitale ferdigheiter
  • Om du kjenner til Helseplattformen er det ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
  • Du er positiv og lærevillig
  • Du er ein arbeidssam og engasjert person, utforskande av natur, og alltid klar for nye utfordringar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.   

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Gunnhild Vindvik Nordstrand, Seksjonsleiar, [email protected]

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5147210493
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Søknadsfrist: 06.07.2026