Lærar - vikariat

Arbetsbeskrivning

Kyrkjebø skule er ein 1-7 skule og har ledig 100 % lærarstilling i tidsrommet 01.08.26 – 04.04.27 – vikariat.

Krav til søkjarar:


- Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen. Vi søkjer dei som har 1-7 med basisfag i fagkrinsen sin, eventuelt allmennlærar. Søkjarar som har 5-10 vil også bli vurderte

Vi ønskjer søkjarar som har:


- God relasjonskompetanse
- Erfaring frå klasseleiing
- Undervisningserfaring frå få-delt skule
- God digital kompetanse
- Fagleg engasjement
- Fleksibilitet
- Gode samarbeidsevner

Høyanger kommune kan tilby:


- Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”
- Lønn etter gjeldande tariffavtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Hjelp til å skaffe kommunal bustad

Politiattest må leggast fram for den som blir tilsett.


Kvifor Høyanger?


- Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
- Eit rikt lag- og organisasjonsliv
- Fokus på samskaping og samarbeid
- Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.

Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Kyrkjebø skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Egil Michael Haaland på telefon 94856024 og høyr hans erfaringar.

Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.

 


Link til søknadsskjema: Søk her