Vil du vere med og skape gode kvardagar for barna i Hundvin Naturbarnehage?
Vi har ledig 100 % stilling som pedagogisk leiar frå 01.08.2026 og ønskjer vi deg med på laget vårt!
Kvalifikasjonar
godkjend barnehagelærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning
gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, jf. barnehagelova § 28
Personlege eigenskapar vert vektlagde. Politiattest må leggjast fram før tiltreding.
Vi søkjer deg som
er ein varm, trygg og inkluderande vaksen med barna i fokus
har fagleg engasjement og ønskjer å utvikle deg i rolla
er ein tydeleg leiar og god rollemodell for barn og vaksne
er strukturert, løysingsorientert og samarbeider godt med andre
likar å vere ute i all slags vêr og deltek aktivt i barna sin leik
leie og utvikle det pedagogiske arbeidet på avdelinga
vere ein aktiv del av leiarteamet og bidra til utvikling av barnehagen
planleggje, dokumentere og vurdere det daglege arbeidet
rettleie og følgje opp medarbeidarar
bidra til eit trygt og inkluderande leike- og læringsmiljø
samarbeide godt med foreldre, føresette og kollegaer
eit trygt, fagleg og inkluderande arbeidsmiljø
engasjerte og kunnskapsrike kollegaer
medverknad i drift og utvikling av barnehagen
fagleg utvikling og arbeid med DUÅ, Språkløyper og inkluderande barnehage- og skulemiljø
god struktur for planlegging og samarbeid, med samla planleggingstid, fem planleggingsdagar i året, avdelingsmøte og personalmøte
ordna arbeidsforhold med løn, pensjon, forsikring og bedriftshelseteneste gjennom PBL
sosiale samkomer og klesgodtgjersle