Teknisk drift har ansvar for drift og vedlikehald av all kommunal bygningsmasse, uteareal, vegar og vatn og avløp.
Me søkjer no etter ein dyktig, sjølvstendig og ansvarsbevisst fagarbeidar til drift og vedlikehald av kommunal infrastruktur. Her under veg, vatn og avløp.
Suldal kommune har totalt 170 km med kommunale vegar og avdelinga disponerer ein lastebil med kran, sopebil, hjulmaskin og mindre gravemaskiner.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva vil være arbeid med drift og vedlikehald kommunale vegar og infrastruktur, vatn og avløpsanlegg.
Men du vil også ta del i drift og vedlikehaldsoppgåver innanfor ansvarsområdet til Teknisk drift, der bruk av maskinar og utstyr inngår i dette.
I løpet av året vil mellom anna være soping, kantslått, mindre gravearbeid, brøyting og generelt vedlikehald på leidningsnett, bruer, vegar og kaiar.
Mogleg deltaking i kommunal vaktordning innanfor vatn og avløp og brøytevakt.
Kvalifikasjonar
Fagbrev innan bygg og anlegg/mekaniske fag.
Krav om førarkort B/BE, C, T og kranførarbevis.
Krav om maskinførarbevis M2 og M4, og dokumentert erfaring frå maskinkøyring.
Ein må kunne meistre norsk både skriftleg og munnleg.
Kunne bruke data som eit dagleg arbeidsverktøy
Den som blir tilsett må vere serviceinnstilt, løysningsorientert, kunne jobbe sjølvstendig, ha evne og vilje til tverrfagleg samarbeid, kunne arbeide i team og være oppteken av HMS.
Slik søkjer du
Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.