Furuli barnehage ligg i vekstbygda Kaupanger i Sogndal kommune, 10 kilometer frå Sogndal sentrum. Det er gode bussamband mellom Sogndal sentrum og Kaupanger, og mellom Lærdal/Årdal og Kaupanger.
Barnehagen ligg på toppen av byggefeltet på Kaupanger. Me er ein stor barnehage, med 6 avdelingar. Det gjer at me deler oss på tre ulike uteleikeplassar. I tillegg har me flotte leikeområde med skog og bø rett utanfor porten til barnehagen.
Me har ein lavvo og uteleikeplass i skogen, som gjev andre moglegheiter for leik. Det vert både korte og lengre turar i skogen og nærområdet. Me kan og bruka ballbingen, som skil oss berre med ei grind. Barnehagen har fine fasilitetar inne med gode romløysingar, motorisk rom som gjev moglegheit for ulike aktivitetar og sanserom.
I Furuli barnehage jobbar me kontinuerleg med utvikling av leikekompetanse og vaksenrolla.
Frå hausten 2026 vert det ledig følgande stilling som barnehagelærar i Furuli barnehage: Eit 100 % vikariat som barnehagelærar frå 10.08.2026 – 31.01.2027, med moglegheit for at denne stillinga kan bli forlenga ut barnehageåret (2. gongs utlysing).
Det kan verte ledig fleire stillingar enn det som er utlyst. Då vil me ta kontakt med aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar vert vektlagt i prosessen.
Me tilbyr:
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Politiattest må leggast fram før tilsetjing.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad må leverast innan fristen via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.