Helsefagarbeidar til nattenesta vikariat i eitt år

Arbetsbeskrivning

Om stillinga

Vi har ledig svangerskapsvikariat som helsefagarbeidar i 75% stilling. Vikariatet er for perioden 01.09.2026 til 28.06.27.

Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på to avdelingar, der kvar avdeling har 3-4 grupper med 9-10 bebuarar i kvar gruppe. Me har eige kjøkken og eigen lege, og tilbyr både korttids- og langtidsopphald. Som nattevakt ved Osterøytunet vil du arbeide på alle avdelingar ved sjukeheimen, og du vil også vere ein del av utetenesta i kommunen. Du vil få grundig opplæring i dei arbeidsoppgåvene du blir sett til.

På Osterøytunet nyttar vi moderne velferdsteknologiske løysingar, mellom anna nytt digitalt alarmsystem med mobile responsløysingar og RoomMate

Me har fokus på utvikling, kompetansedeling og eit godt arbeidsmiljø der medarbeidarane får bidra med erfaringar og vere del av utviklinga av tenestene.


Arbeidsoppgåver

  • Heilskapleg omsorg og pleie 
  • Bistand og rettleiing utfrå pasienten sine behov 
  • Målretta miljøarbeid ved behov 
  • Praktiske oppgåver i avdelingane 
  • Dokumentasjon og rapportering i journalsystemet Profil 
  • Utføring av ulike prosedyrar som er aktuelle på nattestid

Kvalifikasjonskrav

  • Må ha autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Ha evne til å gjera faglege vurderingar og gjennomføra desse og å utvise godt skjønn 
  • Vera opptatt av kvalitet og å halde deg fagleg oppdatert
  • Om du får tilbod om stillig må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader 
  • Du er fleksibel, endringsvillig og løysingsorientert 
  • Du må ha gode samarbeidsevner 
  • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg 
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk
  • Å vera personleg eigna vil bli vektlagt

Andre opplysningar / Ansettelsesvilkår:

Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 md. om du får tilbod om stilling
Tilsetting skjer med 6 månaders prøvetid i samsvar med gjeldande regelverk i kommunen.


Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjartevarme
  • Arbeid kvar 3. helg
  • Lønn etter tariffavtale
  • Moglegheit for lading av elbil mot eigenbetaling
Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY