Nordfjord Betong opplever aukande aktivitet og søkjer betongbilsjåførar og betongpumpesjåførar til vårt team!
Vil du ha ein variert arbeidskvardag og ein trygg arbeidsplass i eit solid konsern?
Bli med i teamet vårt, køyr lokalt og bli ein viktig del av bygge- og anleggsprosjekta i Nordfjord og på Søre Sunnmøre. Vi ser etter både betongbilsjåførar og betongpumpesjåførar som ønskjer å vere med på å byggje lokalsamfunna våre.
Du trivst bak rattet, likar praktisk arbeid og set pris på å sjå konkrete resultat av jobben du gjer. Du ønskjer ein arbeidskvardag med ansvar, variasjon og gode kollegaer rundt deg.
Kanskje køyrer du lastebil i dag og ønskjer nye utfordringar. Kanskje har du erfaring frå betongbransjen. Eller kanskje du er motivert for å lære eit nytt fag.
Som ein del av Nordfjord Betong og Vågegruppa får du ikkje berre ein jobb. Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø med lange tradisjonar, høg aktivitet og ambisjonar for framtida.
Som betongbilsjåfør vil du:
Transportere og levere ferdigbetong
Ha kundekontakt ute på byggjeplass
Ha kontroll og vedlikehald av køyretøy
Bidra til sikker og effektiv gjennomføring av leveranser
Vere selskapet sitt ansikt utad på byggeplassane
Sikre kvalitet og god service til kundane våre
Som betongpumpesjåfør vil du:
Operere og handtere betongpumpebil
Gjennomføre pumpeoppdrag på byggjeplassar
Samarbeide tett med kundar og entreprenørar
Ha kontroll og vedlikehald av utstyr
Sikre kvalitet og god service til kundane våre
Vi ønskjer gjerne at du:
Har førarkort klasse C (CE er ein fordel)
Har gyldig YSK
Er ansvarsbevisst og påliteleg
Har fokus på HMS og kvalitet
Trivst med kundekontakt
Kan jobbe både sjølvstendig og i team
Erfaring frå betongbransjen er ein fordel, men ikkje eit krav. Opplærings vil bli gitt til rette kandidatar.
Fast stilling i eit solid konsern
Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
Moderne bilpark og godt utstyr
God opplæring og fagleg utvikling
Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
Varierte og sjølvstendige arbeidsdagar
Moglegheit for vidare utvikling innan Nordfjord Betong og Vågegruppa
Ein trygg arbeidsplass med lange tradisjonar og framtidsplanar
Arbeidsstad: Hovudkontoret til Nordfjord Betong er lokalisert på Løkjaneset i Nordfjord, og dekkjer både Nordfjord og Søre Sunnmøre. Oppdrag vil då i hovudsak vere i regionen.
Vi trur at dei beste resultata vert skapt av medarbeidarar som trivst, får ansvar og opplever stoltheit i jobben dei gjer.
Bli ein del av teamet i Nordfjord Betong, tileigne deg meir kompetanse og samarbeid med mange dyktige kollegaer på tvers av systerselskapa i Vågegruppa.
Send søknad og CV til kontaktperson Alex Heltne: [email protected]
Vi vurderer søknader fortløpande og ønskjer å få nye medarbeidarar på plass så raskt som mogleg.
Har du spørsmål om stillinga, tek vi gjerne ein uforpliktande prat!
Velkomen som søkjar til Nordfjord Betong -- Lokalt engasjert, sterke fagmiljø, trygge arbeidsplassar.