To legar i nordsjøstilling til Seljord og Kviteseid legevakt

Arbetsbeskrivning

Vi søkjer to legar i 88 % fastlønnsstillingar som skal gå i Nordsjøturnus med to veker på og fire veker av.

Hva vi ser etter

Du bør vere fleksibel, trygg på å stå aleine i situasjonar, kunne jobbe sjølvstendig, men også kunne spele på lag.

Kvalifikasjonskrav

· Godkjend utdanning som lege med norsk autorisasjon, gjerne spesialist i allmennmedisin

· Erfaring frå kurativt arbeid, fortrinnsvis legevakt

· Erfaring frå kommunehelseteneste eller anna offentleg helsearbeid

· Førarkort klasse B

Arbeidsoppgaver

Arbeidet omfattar legevakt på kveld og natt, og noko kjernetid på dagtid. I kjernetida vil legane blir knytte til kvart sitt legekontor, Kviteseid og Seljord. Dei får ikkje ansvar for eiga pasientliste, men skal ta enkle konsultasjonar og øyeblikkeleg hjelp for alle legane på kontora. Stillinga vil i utgangspunktet ikkje telle som selektert praksis slik den er tenkt i dag, men vil telle som allmennmedisinsk teneste inntil 2 ½ år. Meir informasjon blir gitt ved førespurnad eller i intervju.

Vi tilbyr

· Løn etter avtale

· Seljord kommune har bustad til disposisjon for begge legane

· Pensjon via KLP

· IA-bedrift