Barnehagelærar, 20% vikariat og pedagogisk leiar, 20% vikariat

Arbetsbeskrivning

Om stillinga

Gulen kommune, for tida ved Eivindvik barnehage og skule, har ledig fylgjande stillingar: 

  • 20% vikariat som barnehagelærar for barnehageåret 2026/2027
  • 20% vikariat som pedagogisk leiar frå 24.08.2026 - 31.05.2027 

Skriv i søknaden om du ynskjer å søkje på begge stillingane samla, eller berre på ein av dei. 

Eining Eivindvik barnehage og skule er gode på å bruke naturen og elles nærområde i sitt pedagogiske opplegg. Dagsturhytta er, til dømes, flittig brukt av både små og store. Drøymer du om ein jobb der du får bety noko for andre – kvar einaste dag? Då er du hjarteleg velkomen til å søkje hjå oss!  


Barnehagane i Gulen har: 

  • Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar
  • Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Tilbod om rettleiing
  • Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen

Arbeidsoppgåver for barnehagelærar/pedagogisk leiar 

  • Planlegge, setje i verk, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde
  • Leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drfita av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar
  • Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga
  • Delta i den daglege drifta
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonar 

  • Utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærerutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med videreutdanning i barnehagepedagogikk
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest 

Personlege eigenskapar 

  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Har evne til å sjå kvart enkelt barn, og skape gode og trygge relasjonar med borna
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
  • Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering