Visjonen for kraftkommunen Høyanger er å vere ein aktiv og framtidsretta samfunnsutviklar med verdiane kraftfull, skapande og inkluderande. Som vår nye kommunedirektør skal du saman med omlag 600 engasjerte medarbeidarar og politikarar sette mål i tråd med dette. Vi har i dag eit godt og i stor grad desentralisert tenestetilbod som vi vil fortsette å styrke og forbetre.
Kommunedirektøren skal ha bevisst fokus på Høyanger som ein god stad å leve, arbeide, bu og flytte til for unge og eldre. God tilrettelegging for næringsutvikling og fleire arbeidsplassar er viktig.
Vi søkjer ein synleg, utviklings- og resultatorientert kommunedirektør som er ein god endringsleiar og organisasjonsbyggjar. Du er tydeleg men samstundes motiverande og samlande for å nå felles mål gjennom gode prosessar.
Som kommunedirektør er du ein strategisk og handlekraftig leiar med evne til effektiv gjennomføring av politiske vedtak. Du er bevisst rolla di og trivst i skjeringspunktet mellom politikk og administrasjon.
Fram til søknadsfristen vil alle førespurnader om stillinga bli handsama konfidensielt.
Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet!
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit blir handsama i tråd med offentleglova.