Økonomirådgjevar

Arbetsbeskrivning

Kvardagen har eit anna tempo når du bur på ei øy utan fastlandsforbindelse. Som oftast er det eit meir behageleg tempo, unntaket er når du skal rekke ferja. Lengst vest i Sognefjorden ligg det nokre slike øyer som til saman utgjer Solund kommune. Dei har 737 innbyggjarar, ca. 140 kommunalt tilsette og i overkant av 100 millionar i frie disponible inntekter i året.

Sjølv om vi er ein liten kommune er krava som vert stilt til oss dei same som krava som vert stilt til alle andre kommunar. Vi skal lage budsjett – og økonomiplanar, levere årsrekneskap og årsmelding, og fylgje og utvikle kommunen sitt eige finans- og økonomireglement. Sjølv om kvardagen er roleg kan arbeidsdagen være hektisk, særleg i november og februar.

Solund kommune søkjer etter økonomirådgjevar til å leie det faglege arbeidet ved økonomikontoret. Økonomikontoret er ein del av kommunedirektøren sin stab og leverer økonomitenester til heile den kommunale organisasjonen. Det er i utgangspunktet ein full stilling, men om det er ynskjeleg kan vi legge til rette for lågare stillingsprosent.

Som økonomirådgjevar vil dine arbeidsoppgåver blant anna vere:

-          Leie arbeidet med budsjett - og økonomiplan i kommunen, i samråd med kommunedirektøren

-          Leie arbeidet med årsrekneskapen

-          Fagleg ansvar for økonomikontoret, inkludert fagsystema

-          Rådgjeving på økonomiområde til leiarar med budsjett ansvar

-          Handsame saker på økonomiområdet ti l politiske organ

Du har gjerne:

-          3-årig relevant høgare utdanning

-          Relevant arbeidserfaring (nok av dette kan kompensere for manglande formell utdanning)

-          Erfaring frå arbeid med budsjett - og økonomistyring eller årsrekneskap, helst frå kommunal sektor

-          God munnleg og skriftleg framstillingsevne

-          Erfaring med økonomisystemet Visma

Sidan det vert nokre arbeidstoppar gjennom året er det viktig at du er strukturert og har god arbeidskapasitet. Då vi er få tilsett e er samhandling og ditt bidrag til eit positivt arbeidsmiljø særs viktig. Og sidan du saman med dei flinke medarbeidarane som allereie arbeider på økonomikontoret skal vidareutvikle økonomiområdet i Solund kommune må du være fagleg engasjert.

Vi tilbyr:

-          Variert, tverrfagleg samarbeid

-          Tilsetjing på kommunale vilkår som rådgjevar i kapittel 5.

-          Opplæring, kurs og kompetanseheving

-          Fleksitid og moglegheit for delvis heimekontor

 

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fl este tenestepensjonar berreutbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du slutt ar å jobbe og livet ut.

Les meir om medlemsfordelane i KLP her.

Om dette verkar spanande og du har relevant utdanning eller erfaring, slå gjerne på tråden ti l Amund. Han gler seg ti l å høyre frå deg!

Offentleg søkjarliste:
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Velkomen som søkjar!

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.

 


Link til søknadsskjema: Søk her