Vi søkjer ein ny kollega til vårt housekeeping‑team i eit vikariat med snarlig oppstart for fast tilsetjing. Kan dette passe for deg – eller kanskje nokon du kjenner? Vi høyrer gjerne frå deg!
Vi ser etter deg som:
Er positiv, fleksibel og løysingsorientert
Evnen til å jobbe selvstendig
Har sans for orden og god arbeidsmoral
Trivst med folk og likar å yte god service
Meistrar norsk og/eller engelsk
Har gjerne erfaring frå liknande arbeid (men opplæring blir gitt)
Ansvar for at alle tildelte hotellrom, bad, fellesareal, lager, korridorar eller andre tildelte område held ein høg reinhaldsstandard.
Å rapportere feil på hotellrom, korridorar og andre fellesareal til rett person/avdeling.
Å arbeide kvar dag for at avdelinga skal nå måla sine for gjestetilfredsheit, medarbeidarengasjement og effektivitet.
Å halde reinhaldstralla i perfekt orden, både når ho står i korridoren og ved arbeidsdagens slutt.
Å vere behjelpeleg med å fylle på lager/bøttekott med reingjeringsutstyr og sengetøy.
Ved tilsetjing vil ei fullstendig stillingsskildring bli presentert, saman med ei oversikt over forventingar.
Vi tilbyr:
Eit godt arbeidsmiljø og sosialt nettverk
Ei spennande stilling med mange moglegheiter
Hyggelege kollegaer
Variert arbeidskvardag
Trygg arbeidsplass
Gode karrieremoglegheiter
Gode vilkår
Gunstige tilsettføremoner innanfor Havila Gruppen