Vil du vere med på å verkeleg bety noko for mennesker og utgjere ein forskjell i livet deira? Er målet ditt å få fagbrev i helsearbeidarfaget? Bli ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og søk på ledig lærlingplass innan helsefagarbeid hjå oss!
Askvoll kommune har to ledige lærlingplassar innan helsearbeidarfaget frå 01.09.2026. Vi tek òg imot søknadar frå lærekandidatar.
Som lærling vil du samarbeide tett med din rettleiar og andre medarbeidarar, og vi legg til rette for at du skal få breid erfaring innan ditt fagfelt. Læretida vert fordelt mellom einingane innan helse- og omsorgsetaten, med læretid ved fleire typar avdelingar, med mogelegheit for hospitering og tilpassing av læretida etter ønskje.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Ved opptak til ein lærlingplass vil kommunen legge stor vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Søkjarar med ungdsomsrett som har bestått VG1 og VG2 vil vere prioritert. Søkjarar som ikkje har bestått enkeltfag kan likevel verte vurdert.
Vi vonar du ønskjer å verte lærling i Askvoll kommune og ser fram til å få deg med på laget!
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Politiattest av nyare dato vert krevd før start i stilling.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknader om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.