Vil du hjelpe gründerar med å lukkast?
Etablerersenteret i Vestland søkjer ein medarbeidar for eit engasjement i perioden 01.01.2027–31.12.2028.
Etablerersenteret er førstelinjetilbod for dei som vil starte eller utvikle eiga bedrift. Etablerersenteret er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og eigarkommunane. Som ein del av det offentlege støtteapparatet for entreprenørskap i fylket, er Etablerersenteret ein sentral møteplass der gründerar får praktisk hjelp, kompetanse og rettleiing tidleg i prosessen. Som ein del av Etablerersenteret blir du ein viktig del av arbeidet med å få fleire til å starte bedrift – og auke sjansen for at dei lukkast over tid. Du vil jobbe tett på gründerar i ulike fasar. Kontorstaden er Vestlandshuset i Bergen.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere:
- individuell rettleiing av gründerane
- dialog med kommunar, næringslivsaktørar og resten av verkemiddelapparatet
- halde presentasjonar
- skrive tekster for rapporter og anna
- analysearbeid
- det kan bli anna arbeid knytt til oppgåvene på Etablerersenteret
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- høgare utdanning på masternivå. Kandidatar med bachelorgrad og relevant erfaring kan bli vurderte for stillinga, men vil då bli tilsett som spesialkonsulent og ikkje rådgjevar.
- relevant arbeidserfaring
- høg fagkompetanse innan innovasjon og næringsutvikling
- kunnskap om førstelinjetjeneste og offentleg sektor
- erfaring med å lede fysiske og digitale workshops og samlinger
- gode kommunikasjonsevner, både skriftlig og muntlig
- erfaring frå rettleiing
Det er ein fordel med:
- gründerbakgrunn – og gjerne erfaring med å etablere eiga bedrift
Personlege eigenskapar
Du er:
- ein lagspelar som initierer og utviklar kompetanse, samarbeid og relasjonar, og som synleggjer og deler kunnskap og erfaringar
- ein som vil løfte andre og er opptatt av verdiskaping og rolla som samfunnsbyggjar.
- har høg integritet og stort engasjement
- sjølvstendig, sjølvgåande og initiativrik
- ein dyktig formidlar, som trivs godt i rollen som fasilitator og rettleiar
- har fagleg autoritet og varme
Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
- ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- løn etter avtale
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Sandra Haugland, Seniorrådgjevar, 92669203,
[email protected]
Heidi Bjønnes Larsen, leiar, 99613868,
[email protected]
Arbeidsstad
Lars Hilles gate 22
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5127412915
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 31.12.2028
Søknadsfrist: 10.08.2026