50% stilling som miljøarbeidar - engasjement

Arbetsbeskrivning

Måløy vidaregåande skule har om lag 80 tilsette og 350 studieplassar fordelt på utdanningsprogramma: studiespesialisering, bygg- og anleggsteknikk, naturbruk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, teknologi- og industrifag (TIF) og TAF (yrkes- og studiekompetanse). Skulen har også eit eige sikkerheitssenter (SIM), som tilbyr ei omfattande bredde kurs for maritim sektor.

Arbeidsoppgåver

Oppfølging, rettleiing og støtte for elevar i og utanfor undervisning i samarbeid med lærarar og avdelingsleiar. I stillinga vil du jobbe med elevar innan teknologi- og industrifag og delta i verkstadundervisning.  

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som industrimekaniker, eller anna relevant utdanning 
  • Du trivst med, og har erfaring frå arbeid med barn/unge med spesielle behov 

Personlege eigenskapar

Vi er på utkikk etter deg som er raus og omsorgsfull og som har evne til å skape gode relasjonar til elevane. Du som er tålmodig, men som også kan vere bestemt og strukturert. Du som er fleksibel og likar å jobbe i ein til tider hektisk kvardag med varierte arbeidsoppgåver. 

Vi tilbyr

Vi tilbyr interessante og utfordrande arbeidsoppgåver. Eit godt arbeidsmiljø med hyggelege og utviklingsorienterte kollegaer. Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland Fylkeskommune sin lønspolitikk. Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset nyare politiattest.
Vikariatet er ledig frå 1. september 2026 til 31. juli 2027.

Kontaktinformasjon

Anita Olaug Otneim Hoddevik, avdelingsleiar, 99704572, [email protected]

Arbeidsstad

Nordfjordvegen 9109
6718 Deknepollen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5152099533
Stillingsprosent: 50%
Anna
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 01.08.2026