Oppfølging, rettleiing og støtte for ukrainske elevar i og utanfor undervisning i samarbeid med lærarar og avdelingsleiar.
Vi er på utkikk etter deg som er raus og omsorgsfull og som har evne til å skape gode relasjonar til elevane.
Du som er tålmodig, men som også kan vere bestemt og strukturert. Du som er fleksibel og likar å jobbe i ein til tider hektisk kvardag
med varierte arbeidsoppgåver.
Vi tilbyr interessante og utfordrande arbeidsoppgåver. Eit godt arbeidsmiljø med hyggelege og
utviklingsorienterte kollegaer.
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk. Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Engasjement er ledig frå 1. september-26 til 31. juli-27.