Lærarstilling, spesialpedagog (60-80 % fast) - Ølen vgs

Arbetsbeskrivning

60-80 % fast stilling som spesialpedagog

Frå 01.08.26 er det ledig 60-80 % stilling som spesialpedagog ved Ølen vidaregåande skule.

Krav til stillinga:

  • Godkjend pedagogisk utdanning 
  • Relevant fagkompetanse i fellesfag (matematikk, engelsk, naturfag, norsk)                    
  • Godkjend politiattest

Ønskelege kvalifikasjonar:

  • Spesialpedagogisk utdanning

Me treng ein ny medarbeidar med fagleg breidde og spesialpedagogisk kompetanse. Undervisningserfaring frå grunnskule er å føretrekkje. For å lukkast i arbeidet med elevar som har faglege - og andre utfordringar, vil personlege eigenskapar ha særleg stor betydning, og vert vektlagt ved tilsetjing.

For stillinga gjeld:

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn og arbeidsvilkår fastsett i gjeldande avtaleverk

Korleis søkje:

Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha ein eigen jobbsøkarkonto.

CV skal fyllast ut i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.

Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase – Hjelp for jobbsøkjarar

Vi gjer merksam på at i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.