Vikar seksjonsleiar, påtaleseksjon Hordaland

Arbetsbeskrivning

Om stillinga

Felles eining for påtale i Vest politidistrikt har ledig vikariat som politiinspektør SKO 0290 med funksjon som seksjonsleiar, med oppstart ca 1. oktober 2026. Stillinga er vikariat under foreldrepermisjon. 

Seksjonsleiar er ein del av leiargruppa til leiar for Felles eining for påtale, saman med seks andre seksjonsleiarar. Seksjon Hordaland har mellom 10 og 15 tilsette påtalejuristar og har mellom anna ansvaret for alle straffesakene i Geografisk driftseining Hordaland som ikkje blir handsama av spesialseksjonane.  
Seksjonen har dyktige og engasjerte juristar. Det er eit godt arbeidsmiljø blant juristane, med ein hektisk arbeidskvardag og med mange, til dels krevjande, saker.
Stillinga er plassert i Bergen.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal vi førebyggje og få bukt med kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter personar som er interesserte i å drive utvikling og som vil vere med på å forma politiet i framtida. Vi stiller høge krav til sjølvstende, fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. 


Arbeidsoppgåver

  • Dagleg drift av seksjonen med personal-, resultat-, budsjett- og HMS-ansvar 
  • Leggje til rette for effektiv ressursutnytting, samarbeid og måloppnåing ved seksjonen spesielt og i organisasjonen generelt
  • Prioritere oppgåver i samsvar med overordna føringar og verksemdsplanar
  • Drive utviklingsarbeid, endring og fornying av straffesakshandsaminga innan fagområda til seksjonen
  • Ansvar for systematisk kvalitetskontroll og oppfølging av den samla straffesaksporteføljen innan sitt ansvarsområde
  • Bidra til god samhandling med andre interne og eksterne aktørar
  • Systematisk oppfølging av kvar enkelt påtalejurist i porteføljehandteringa si
  • Leggja til rette for god påtalefagleg leiing av etterforskinga
  • Andre oppgåver pålagd av overordna
  • Jourtjeneste kan bli pålagd

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vera kvalifisert:

  • Juridisk embetseksamen/Master i rettsvitskap
  • Relevant fagleg kompetanse og arbeidserfaring innan påtalefeltet
  • Utdanning innan organisasjon og leiing fortrinnsvis frå universitet eller høgskule 
  • Leiarerfaring blir vektlagt og kan kompensere for manglande leiarutdanning (i vurderinga blir det lagd vekt på omfang, kompleksitet og tidsnærleik)
  • Kunnskap og erfaring med HMS 
  • God skriftleg og munnleg framstilling på norsk og engelsk
  • God IT- og systemkompetanse 
  • Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politiloven § 18 og politiregisterlova § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.

Det er også ønskjelig med:

  • Kunnskap om personal- og økonomistyring
  • Kunnskap om offentleg forvaltning og statleg regelverk 
  • Erfaring frå personalleiing
  • Lang og brei erfaring frå påtalemakta, herunder med etterforskingsleiing, fagleiing, påtalevedtak; og aktorering

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til å setje retning, drive endring og motivere sine medarbeidarar
  • Evne til handle i eit strategisk og heilskapleg perspektiv, og bidra til god verksemdsutvikling
  • Vere sjølvstendig og vedtaksfør med evne til å treffe avgjerder
  • Vere mål- og resultatorientert
  • Gode kommunikasjonsevner, vere løsningsorientert  og ein god relasjonsbyggjar både internt og eksternt 

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • Stillinga blir løna som politiinspektør med funksjon som seksjonsleiar (stillingskode 0290) med årslønn: kr. 1.100.000,-.  Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordninger. Les meir her
  • Gode arbeidsbetingelser (godt arbeidsmiljø, dagtid, heimekontor, og trening i arbeidstida) 

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.