Vi søkjer etter ein dyktig og engasjert medarbeidar som vil bli ein del av det flotte laget vårt!
🔬 Kva kan vi tilby deg?
I avdelinga vår er vi rundt 20 dyktige og trivelege kollegaer som har det kjekt saman. Arbeidsdagane er varierte med rotasjon på ulike arbeidsstasjonar, noko som gir eit spennande og lærerikt arbeidsmiljø. Vi er stolte av det sterke samhaldet vårt og set stor pris på godt samarbeid og trivsel på jobb.
📍 Om stillinga:
Turnusstilling innan transfusjonsmedisin. Turnus kan i stor grad tilpassast dine behov – oppgi gjerne ønskje i søknaden.
💡 Kvifor velje oss?
Immunologi og transfusjonsmedisin held til i toppmoderne lokale i 5. etasje i det nye sjukehusbygget. Vi er akkrediterte av Norsk Akkreditering og oppfyller dei høgaste krava til kvalitet og kompetanse i samsvar med NS-EN ISO. Dei avanserte laboratoriedatasystema våre, ProSang og Unilab 700, samt Reveos-automatisert produktframstilling, hjelper oss med å levere arbeid av høg kvalitet.
📞 Har du spørsmål?
Ikkje nøl med å ta kontakt for ein uforpliktande samtale. Vi ser fram til å høyre frå deg!
👉 Søk no og bli ein del av vårt lag!
Oppstartsdato kan avtalast. Er du nyutdanna bioingeniør, eller blir du ferdig sommaren 2026, oppmodar vi deg til å søkje. Vikariat kan også bli vurdert.
Vi kan gjennomføre intervju fortløpande, men alle søkjarar blir vurderte etter søknadsfristen.
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden